Nytt selskap for høgfartsbanar

Artikkelen er over 17 år gammel
DEL

Frå 15. juli 2001 vil ein kunne teikne aksjar i eit selskap som både skal planleggje, byggje og drive eit nasjonalt høgfarts-banenett, med Haukelibanen som nøkkelelement.
Dette er klart etter at Sørnorske Høgfartsbanar på gårsdagens årsmøte vedtok å avvikle interesseselskapet innan utgangen av april 2002 og stifte aksjeselskapet Norsk Bane AS.
Både næringslivet, einskildpersonar og det offentlege har signalisert interesse, seier selskapet i ei pressemelding. I første omgang skal aksjekapitalen vera på ti millionar kroner. Denne kapitalen skal stå urørt. Selskapet skal berre bruke renteinntektene til drifta.
Det skal starte den formelle prosessen mot reguleringsvedtak for traseane og arbeide for akseptable vilkår for bygging, finansiering og drift, ikkje minst gjennom eit poengtert informasjonsarbeid, heiter det.
Haukelibanen vil til dømes gje reisetider på 2 - 2,5 timar mellom vestlandskysten og Oslo. Liknande lyft for samferdsla og næringsgrunnlaget vil ein kunne realisere andre stader i landet, til dømes mellom Oslo og Trøndelag /Møre.
-- Det er difor særs viktig at Jernbaneverket sine baneprosjekt, t.d. i det sentrale Austlandet, vert dimensjonerte for togtrafikk i høg fart. Dette er ikkje tilfelle alle stader. Årsmøtet vedtok m.a. å starte detaljplanlegginga av avsnittet Oslo - Drammen som alternativ til Jernbaneverket sine planar for Skøyen - Asker, heiter det i pressemeldinga.
I det nye styret er Margit Aga Jordal og Per Jarle Waulen (vara), begge frå Odda.

Artikkeltags