– Eg har produsert over 20 «camping forbode»-skilt som står rundt i kommunen, men vi klarer ikkje komma i mål med å skilta oss ut av det

Artikkelen er over 2 år gammel

Villcamping er framleis eit stort problem i Odda.

DEL

Villcamping i Odda ODDA [Hardanger Folkeblad]: – Det er ikkje lov å setta opp telt i tettbygde strøk, men det er ingen som går rundt og sjekkar. Eg blir stadig sendt melding og ringt av folk som er veldig fortvila og spør om eg kan setta opp skilt med «camping forbode». Eg har produsert over 20 sånne skilt som står rundt i kommunen, men vi klarer ikkje komma i mål med å skilta oss ut av det, sa rådgjevar Rolf Bøen i Odda kommune til kommunestyret onsdag.

LES OGSÅ: Det er få distriktsdestinasjonar i Noreg som kan visa til tilsvarande auke
LES OGSÅ: – Det var heilt kaos

Rådmann Ole-Jørgen Jondahl oppfordrar folk til å gripa sjansen:

– Det er ein enorm businessmoglegheit. Eg ville spurt meg sjølv: Har eg eit areal i dag som kunne blitt eit supplement til Odda camping? Det er ufattelege moglegheiter dersom folk er villige til å gripa ballen, sa han.

Denne saka er henta frå Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags