Promillekøyring i Odda og 97 km/t på Seljestad

Arkivfoto: UP på kontroll.

Arkivfoto: UP på kontroll.

Artikkelen er over 2 år gammel

Politiet og UP har hatt ei rekke trafikkontrollar i helga.

DEL

ODDA [Hardanger Folkeblad]: Natt til laurdag blei ti førarar testa i ein promillekontroll på Vasstun i Odda. Det gav ingen utslag på alkometeret.

Laurdag morgon hadde UP plassert seg ved rundkøyringa i Odda sentrum frå åtte til halv ti.

– Her vart 54 kontrollerte, og det var eitt utslag på alkometeret. Føraren var i 40-åra, og fekk førarkortet beslaglagt, fortel Frode Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Seinare hadde UP og politiet ein trafikkontroll på E 134 mellom Seljestad og Røldal.

– Her vart det delt ut tre forenkla førelegg for fart. Høgste fart var 97 kilometer i timen i 70-sona, seier Kolltveit.

Det vart også delt ut to gebyr for å ikkje ha stansa ved stoppskilt, og eitt for å ikkje sikra passasjer under 15 år.

Artikkeltags