Stort ras i Odda

Raset var godt synlig fra Odda sentrum.

Raset var godt synlig fra Odda sentrum. Foto:

Kan bli aktuelt å evakuere.

DEL

(Hardanger Folkeblad:) Raset, som var godt synleg frå Odda sentrum, vart rapportert inn av ein innringar.

Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen i Hordaland seier naudetatane rykker ut til staden for å sikra seg om at det ikkje er nokon i raset, sikra området, og at raset ikkje kan gå vidare.

Vest politidistrikt skriv på Twitter at dei har fått inn fleire meldingar om raset.

Raset skal ha stoppa 100 meter unna bebyggelse. Det er ikkje meld om skadde, og det er ikkje meld om at hus eller biler skal vera tatt av raset, skriv dei.

Vurderte evakuering

Innsatsleier i politiet, Svein Buer, sa til HF på staden at brannvesenet ville ta ein liten befaring i byggefeltet, og at faren for nye ras ville bli vurdert.

11.38 melder politiet at dei har vore på staden saman med representantar frå kommunen.

– Det er ikkje naudsynt med evakuering av nærliggande hus. Politiet avsluttar sitt arbeid på staden, skriv dei.

Store steinmasser har rast ut.

Store steinmasser har rast ut. Foto:

Artikkeltags