Båtlaget er favoritt: Tett kamp om tomten ved sjøen

VINNAREN? Båtlaget har laga eit konsept utan leilegheiter, men med naustliknande bygningar. Dei har tilbode seg å kjøpa Revehalltomta og bruka den til ulike fellesaktivitetar. (Ill. Ølen båtlag).

VINNAREN? Båtlaget har laga eit konsept utan leilegheiter, men med naustliknande bygningar. Dei har tilbode seg å kjøpa Revehalltomta og bruka den til ulike fellesaktivitetar. (Ill. Ølen båtlag). Foto:

Av
DEL

ØLEN: Rådmannen i Vindafjord overlèt til politikarane å velja mellom dei tre tilboda om å kjøpa og utvikla Revehalltomta i Ølen sentrum. Alle dei tre tilbydarane er anonymiserte.

Men i ei poengrangering han har gjort  til formannskapsmøtet tysdag 11. desember, kjem konsept nr. 3 hårfint best ut, med poengsummen 8,45. Etter det Haugesunds Avis har grunn til å tru, er dette konseptet sendt inn av Ølen båtlag. Dei private investortilboda har av rådmannen fått 8,44 og 8,22 poeng.

– Alle dei tre tilboda er innanfor dei krava politikarane stilte for å selja den sentrale sentrumstomta like ved kulturhuset «Sjøperlo» og fjorden i Ølen sentrum, slår rådmann Yngve Folven Bergesen fast. Men han krev at dei to private tilboda, som vil byggja blokker i fem etasjar og med 24 eller 40 leilegheiter, må ta ned dei to blokkbygga med ein etasje.

Ingen kommentar

Ingen i båtlaget vil kommentera tilbodet, utover at dei har laga eit konsept utan leilegheiter, men med naustliknande bygningar for alle slags fellesføremål, som seilforening, roklubb, kafe. Og dei skal samarbeida med handverkarlinjer på Ølen vidaregåande skule om oppføring av bygningane.

Rådmannen vurderer alle tre tilboda som innanfor dei strenge krava kommunen set for å selja eigedommen for 2,5 millionar. Kravet er at heile prosjektet må vera realisert innan tre år.

Etter at dei folkevalde tysdag skal diskutere saka i formannskapet der alle dei tre tilboda er anonymiserte, skal så kommunestyret 18. desember gjera endeleg vedtak.

– Kvifor er dei tre kjøpstilboda på Revehalltomta anonymiserte, ordførar Ole Johan Vierdal (Sp)?

– Alternativet hadde vore å lukka møtet i formannskapet. Nå kan alle på mest mogeleg fritt grunnlag vurdera dei tre tilboda som er komme inn, samstundes som me sikrar fullt innsyn i alle detaljar i søknadene og ein open debatt i dei politiske avgjerdsorgana.

Sel det gamle rådhuset

Også det gamle rådhuset i Ølen sentrum skal seljast. Rådmannen rår politikarane til å godta eit bod på 910 000 kr.. Priskravet var 1,5 millionar for det slitne bygget. To reelle kjøparkandidatar gav bod.

Også prestebustaden frå 2001 i Ølen skal seljast.

Artikkeltags