Skal på rundtur i heile Hordaland

Røde Kors-båten i Hordaland.

Røde Kors-båten i Hordaland. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Påskeaftan kjem Hordaland Røde Kors sin kommandovogn til Seljestad og denne veka kom Røde Kors-båten til Odda.

DEL

[HF]: – Svært mange er vane med å treffe på Røde Kors i påskeferien, gjerne på fjellet. Men me er også til stades for å gjere dei som vel å feire påska på sjøen eller i byen tryggare, seier Maria Pile Svåsand, Kommunikasjonsrådgjevar i Røde Kors i ei pressemelding.

I Hordaland er det kort veg mellom fjord og fjell, og for mange kan påska by på begge deler.

– Difor vil me minne om både Fjellvettreglane og Sjøvettreglane, og er til stades alle plassar folk vel å feire påska, seier Svåsand.

Tradisjonen tru er Hordaland Røde Kors Hjelpekorps i auka beredskap i påskeveka, lokalforeiningane har folk på vakt i hytter og i beredskap utanom.

– Me skal også operere informasjonssentralen slik me pleier, men for fyrste gong vil denne verte å finne i Røde Kors Båten Hordaland og i kommandovogn på rundtur i heile fylket, seier ho.

Med sein påske vil mange like gjerne feire høgtida til sjøs som til fjells, og Røde Kors seier dei skal vere til stades der folk er.

Røde Kors-Båten Hordaland starta sin påsketur laurdag, og heile fylket får besøk i løpet av påskeveka.

Søndag kom båten til Kinsarvik før den reiste til Odda. Kommandovogna kjem til Seljestad påskeaftan.

Artikkeltags