Siste dagen i trekket

I dag, langfredag, blir det siste dag med ope skitrekk i Fjellhaugen for denne sesongen. Her ser vi tilhøva skjærtorsdag i 2015, då påska var første veka i april. (arkivfoto: Jonn Karl Sætre)

I dag, langfredag, blir det siste dag med ope skitrekk i Fjellhaugen for denne sesongen. Her ser vi tilhøva skjærtorsdag i 2015, då påska var første veka i april. (arkivfoto: Jonn Karl Sætre)

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Lite snø gjer at Fjellhaugen skisenter må halda sesongavslutting i dag. Det gjer dei med å invitera til pølsefest.

DEL

[KVINNHERINGEN]: – Det ser ut til at langfredag vert siste dagen denne sesongen. Det har minka kraftig på snøen dei siste dagane, og det er dessverre ikkje mogleg å få preparert bakken lenger, skriv skisenteret på Facebook-sida si.

Det var eit lite von om å kunna halda ope heile påskehelga då Kvinnheringen snakka med prepareringsansvarleg Olav Gunnar Hjelmeland rett før påske, men sånn blei det altså ikkje. Skisenteret vil elles gjera litt ekstra ut av sesongavsluttinga i dag:

– Vi har ein del pølser og brød til overs etter Husnes Storsenter sin dag, og vi vil gje vekk resten av desse. Vi kjem til å fyra i grillen i barnetrekket og leggja fram pølser og brød slik at dei som ønsker kan grilla sjølv. Førstemann til mølla, står det å lesa.

Alle som har rokke å kikka ut av vindauget i dag, vil sjå at påskesola endeleg er på plass på ein blå himmel, så skisenteret får i det minste flotte rammer for den siste dagen for sesongen.

Artikkeltags