– Vi har eit etterslep på vegvedlikehald på 7,7 milliardar kroner

– God mobilitet krev godt vedlikehalde infrastruktur. Vi har eit etterslep på vegvedlikehald på 7,7 milliardar kroner, sa Anne Gine Hesteun under nyttårsmøtet. Her fra fylkesveg 550, Kråkevikparsellen.

– God mobilitet krev godt vedlikehalde infrastruktur. Vi har eit etterslep på vegvedlikehald på 7,7 milliardar kroner, sa Anne Gine Hesteun under nyttårsmøtet. Her fra fylkesveg 550, Kråkevikparsellen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Samferdsel blir utfordring framover, sa fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun då ho opna nyttårsårsmøtet sitt onsdag.

DEL

SAMFERDSEL [HARDANGER FOLKEBLAD]: Ho viste til Nasjonal Transportplan (NTP) der staten lovar å ta igjen på vegvedlikehaldet og bidra til å oppruste og fornye fylkesvegane.

– God mobilitet krev godt vedlikehalde infrastruktur. Vi har eit etterslep på vegvedlikehald på 7,7 milliardar kroner. Det gjer at handlingsrommet vårt berre blir små drypp. Det er 50 prosent større sjanse for ulykke på fylkesvegane enn på riksvegane. Det er uakseptabelt. Her er det viktig  få oppgåvene gjort. Eg går gjerne i fakkeltog for betre fylkesvegar, sa fylkesordføraren ifølgje Hordaland Fylkeskommune.

Nyttårsmøtet er eit årleg samråd mellom sentrale aktørar innan politikk, nærings- og samfunnsliv, forsking og utdanning om viktige utfordringar og felles saker.

– Det er ein møteplass som er blitt ein viktig er tradisjon. I år har vi rekordpåmelding, sa fylkesordføraren som kunne ønske velkommen til store delegasjonar både frå Sogn og Fjordane og Rogaland.

Regionprosessen har prega året som har gått og målet er å samla heile Vestlandet 1. januar 2020 når Hordaland og Sogn og Fjordane blir eitt.

Fylkesordføraren peika og på at gjelda til fylkeskommunen er høg.

– Fylkesøkonomien er ei utfordring. Det er krevjande med ein gjeldsgrad på 110 prosent. Den var krevjande å overta og blir krevjande framover. Vi må seie nei fordi vi ikkje har pengar. Inntektene framover er i beste fall konstant, mens det som skal utrettast blir større og større. 

Artikkeltags