[HARDANGER FOLKEBLAD]: – Vi såg først på Ice Road Truckers frå Alaska, men oppdaga så den norske versjonen. Den er mykje trivelegare, seier Kaisa og Jan Buhre.

Det svenske ekteparet kjem frå Söderköping i Skåne, og vart så sjarmerte av TV-dokumentaren Vinterveiens helter at dei i fjor la ferien hit. Ekteparet sjekka inn på Trolltunga Guesthouse, og vert Olav Strand ordna med ei overrasking.

– Det banka på og der sto dei. Det var ei triveleg overrasking, smiler Kaisa.

Etter å ha møtt Olav Eike og Thord Paulsen la dei turen til Eidfjord for å møta Bjørn Lægreid, men han fann dei ikkje. Opphaldet i Hardanger likte dei så godt at dei i sommar kom attende for ti dagar, saman med venninna Birgitta Nymann.

– Vi har sett fossar og shoppa i Odda, smiler Nymann som kjem frå Helsingfors.

 

Berging

Dei tre har og vore mykje på sightseeing, men synest at vêret er litt kaldt. Det merka dei godt då dei skulle møta Olav og Thord onsdag morgon, men måtte utsetta grunna ein trailer som køyrde utfor vegen på riksveg 7 over Hardangervidda. Det var glatt, og Olav og Thord måtte ut med bergingsbilen.

– Han er nok ikkje vaken enno, ler Jan då Thord heller ikkje var komen til verkstaden fredag morgon.

Svenskane hadde ikkje noko imot å venta på TV-helten, og smiler når dei ser Olav. Når Thord dukkar opp går praten som om dei var gamle kjenningar.

– Vi skulle tatt ein tur på hytta mi, seier Thord som no er vane med at fans kjem innom verkstaden i Odda.

 

Øl til Bjørn

Birgitta spør om autograf til sonen, og Thord fortel om jobbar og nokre røvarhistorier. Trioen er så nøgde med opphaldet at dei alt varslar at dei kjem attende neste år.

– Det verkar kaldt å koma om vinteren, men om vi får vera med i bergingsbilen gjer vi det, smiler Birgitta.

Ekteparet legg ikkje skjul på at det er Thord og Bjørn som er favorittane, men sistnemnde har dei enno ikkje møtt. Håpet at dei lukkast på tredje forsøk neste år.

– Eg hadde med øl i presang til han, men no får eg drikka det sjølv, ler Jan.