Hamna midt i jordskjelvet

Kameratgjengen frå Halsnøy måtte tilbringa natta på gata etter at jordskjelvet råka Kos i natt.

Kameratgjengen frå Halsnøy måtte tilbringa natta på gata etter at jordskjelvet råka Kos i natt. Foto:

Av
DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

HELLAS [Kvinnheringen]: Natt til fredag blei Hellas og Tyrkia råka av eit jordskjelv med styrke 6,7 på Richters skala. VG melder fredag føremiddag at minst to personar har mista livet i jordskjelvet på den greske ferieøya Kos, og minst 120 personar skal vera skadd.

Kameratane Tobias Medhus, Helge Mehammer, Fredrik Eide, Martin Lygre, Steffen Isdal, Ole Martin Hillestad og Svein Helge Hølland frå Halsnøy har vore på gutetur på Kos den siste veka, og skulle etter planen ha teke fly heim klokka 12.15 i dag. Dei sju hamna midt i dramaet i natt.

– Dei fleste av oss i gjengen hadde gått og lagt oss på hotellet, men to av oss var framleis ute på byen då vi kjente jordskjelvet i halv to-tida i natt. Det begynte med ei lett risting i bakken, før vi plutseleg høyrte eit stort smell. Skap, pultar og andre ting i rommet ramla over endre. Vi sprang ut på balkongen for å sjå kva som skjedde. Då såg vi at hus hadde rast, lufta var røyklagt, bassenget var halvvegs tømt for vatn og alt var kaos, fortel Tobias Medhus på telefon frå Kos.

Kameratane skunda seg å kontakta kvarandre, slik at dei fekk samla seg ved hotellet så raskt som råd. Dei to som hadde vore i bargata då skjelvet trefte Kos, kunne fortelja om store raseringar der.

– Hotellet vårt stengte ned, ingen fekk lov til å vera innandørs. Så frå rundt klokka halv to i natt, og heilt til vi blei henta av buss til flyplassen klokka halv ti i føremiddag, har vi opphalde oss i gata. Det var hundrevis av folk her på det meste, fortel Medhus.

Flyet heim blei utsett på grunn av skjelvet, så i skrivande stund venter gutane på ny flytid heim.

Artikkeltags