MC-førar var forslått og knakk kragebeinet

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ein motorsyklist køyrde inn i ein bil i Røldal fredag ettermiddag.

DEL

RØLDAL [HF]: Det melde politiet i Hardanger.

– Det var snakk om ein 49 år gammal mann som køyrde inn i ein bil bakfrå, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Jan-Tore Heggholmen laurdag formiddag.

Ulykka skal ha skjedd i Håradalen. Mannen vart køyrd til sjukehus.

Brannvesenet i Røldal var dei første til å komme til staden etter ulykka.

Vegtrafikksentralen Vest melde på Twitter at det var redusert framkommelegheit på staden grunna ulykka.

Klokka 14.10 melde dei at vegen var open for trafikk.

Artikkeltags