Snøras i Røldal

Artikkelen er over 1 år gammel

Det gjekk fredag ettermiddag eit ras ved Fjellstøl i Røldal.

DEL

HARDANGER FOLKEBLAD: 110-sentralen i Hordaland melder på Twitter at området er sjekka og at det ikkje er folk som er tatt av raset.

– Det var to personar som hadde løyst ut eit ras. Brannvesenet frå Røldal rykka ut, det same gjorde Røldal skisenter. Det vart raskt avklart at begge personane var i god behald, seier etterforskingsleiar Per Helge Sekse ved Hardanger lensmannskontor.

Politiet kom derfor aldri så langt at dei rykka ut til Røldal, og brannvesenet har no reist frå staden.

Artikkeltags