Ny jervejakt i Røldal

:illustrasjonsfoto: ANB

:illustrasjonsfoto: ANB

Av

Fylkesmannen har gitt løyve til skadefelling av ein jerv i Røldal i Odda kommune fram til og med 15. februar.

DEL

[HARDANGER FOLKEBLAD]: Dei siste åra har det vore store tap av sau til jerv i grenseområda mellom Hordaland og Rogaland, primært i kommunane Odda og Suldal.

Den fellingsløyva som no er gitt er ikkje den første i området, også tidlegare har det vore jakt etter og felling av jerv i grenseområda mellom Røldal og Suldal, seinast hausten 2017 vart det sett i gang jakt. Då utan resultat.

Store tap

I 2015 og 2016 vart det betalt ut erstatning for til saman 309 sauer og lam drepne av jerv i området. Dei to åra vart Hordaland hardast ramma, medan det i 2017 var Rogaland som hadde dei største tapa.

Då vart det betalt erstatning for 187 dyr i Rogaland og 15 i Hordaland.

No vert det sett i gang eit nytt forsøk på skadefelling i håp om å hindre nye tap av sau til jerv i 2018, skriv Fylkesmannen på sine nettsider.

Fellingsforsøket vert leia av det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland.

Artikkeltags