– Såg sjøhest ved kaien

Observant: Tonje Dommersnes og Robert Sele såg begge det dei meiner var ein sjøhest ved brygga i Vorlandsvågen på Finnås. foto: privat

Observant: Tonje Dommersnes og Robert Sele såg begge det dei meiner var ein sjøhest ved brygga i Vorlandsvågen på Finnås. foto: privat

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Dette paret er dei første som har rapportert om sjøhest i Noreg. – Ikkje usannsynleg, meiner forskar.

DEL

BØMLO: - Det hadde vore heilt fantastisk om me kunne fått dokumentert sjøhest i Noreg, enten i form av bilde, eller aller hest eit eksemplar plassert i glas med sprit, seier Anders Jelmert ved Havforskingsinstituttet.

Han er ikkje sein med å oppmoda bømlingane om å finna fram håv og dykkarmaske.

Tenkte ikkje over synet

I dag irriterer Tonje Dommersnes seg over at ho ikkje kom på å fotografera sjøhesten ho meiner ho såg ved ei bryggje i Vorlandsvågen 8. juni i år.

– Ja, det var synd. Eg har tenkt mykje på det i ettertid, men me sat og snakka då me såg sjøhesten. Me kikka litt på den og snakka vidare. Då me såg opp igjen hadde den gått vekk, fortel Dommersnes.

– Eg var ikkje klar over at sjøhestar ikkje er registrerte i Noreg, og tenkte ikkje det var så spesielt før eg nemnde det for far min. Han blei heilt i ekstase, fortel 23-åringen frå Stavanger, som var på ferie saman med sambuar og bømling, Robert Sele (24).

Skapningen var cirka ein meter unna då dei fekk auge på han.

– Det var heilt klart i sjøen den dagen, og både eg og Robert såg den tydeleg. Den stod litt over botnen, seier Dommersnes.

Hadde krølla hale

I rapporten paret sendte Havforskingsinstituttet skildrar dei eksemplaret som 8–10 centimeter langt, grøngult, og litt gjennomsiktig. Hovudet var tydeleg bøygd ved nakken og likna eit hestehovud med lang snute.

Paret er ikkje i tvil om at det var ein sjøhest dei såg ein meter frå bryggjekanten.

– Den hadde krølla hale. Det var ikkje ei havnål, som dei visst kan forvekslast med, seier Dommersnes.

Ho fortel at skapningen bevega seg langs botnen i sakte fart.

Truverdig observasjon

I svarbrevet takkar Havforskingsinstituttet for «ein interessant og sannsynleg valid observasjon».
«Det finst alt to arter sjøhestar på de britiske øyar, og vi vet frå andre arter at det er god kommunikasjon frå UK til Norge, både med havstrøymer og ved menneskehjelp. Det er ikkje usannsynleg at (vaksne) individ kan ha fått haik (med drivande tang, båtar, osv) over Nordsjøen», står det i svaret frå Havforskingsinstituttet.

Kamuflasjefarga

– Me vurderer observasjonen som veldig truverdig, i og med at temperaturen i havet har gått opp. Men utan fotodokumentasjon er det diverre ikkje verd noko særleg, seier forskar ved instituttet, Anders Jelmert.

Som difor ynskjer seg hjelp frå bømlingane.

– Dersom det er observert ein sjøhest er det sannsynleg at det finst fleire i området. Sjøhestar er saktegåande vesen, så det skal ikkje vera noko problem å få dei i håven, seier Jelmert. Han meiner den største utfordringa er å få auge på skapningen.

– Sjøhesten sin fremste eigenskap er at den har kamuflasjefargar, og lett kan gå i eitt med botnen, seier forskaren.

Tørrskodd ordførar

Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland ser gjerne ser at Bømlo kjem på kartet som følge av sjøhestfunn, men blir ikkje den første til å ta dykkemaska på.

– Eg har faktisk drive litt med fridykking tidlegare, og har kurs på lågaste nivået, men eg trur nok dette triggar andre meir enn meg, seier Hovland.

– Me har jo aktive dykkemiljø her, og det hadde jo vore veldig artig om me hadde komme på kartet for dette, seier ordføraren.

Artikkeltags