Når Jondalstunnelen sin milipåle i romjula?

Styreleiar: Toralv Mikkelsen. Arkivfoto

Styreleiar: Toralv Mikkelsen. Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– No treng vi berre 10.567 bilar i desember så passerer vi 200.000 i 2016.

DEL

HARDANGER: Det melder styreleiar Toralv Mikkelsen i Jondalstunnelen AS.

Etter styreleiaren sine vurderingar av forventa desember- trafikk som inkluderer juletrafikken, så ser det ut som bilist nr. 200.000 kjem gjennom tunnelen i romjula.

Denne bilen vil høgtideleg bli stoppa for å få ei hyggeleg helsing frå styret i Jondalstunnelen AS.

Per oktober i år har ferjesambandet Jondal–Tørvikbygd hatt ein trafikkvekst (målt i tal PBE) på 6,6 prosent samanlikna med i 2015.

– Dette har etter kva vi har fått opplyst frå fylkeskommunen medført attståande bilar i utfartshelger, særleg frå Jondal. Dette har i liten grad påverka trafikken gjennom Jondalstunnelen, melder styreleiaren.

SAKEN ER HENTA FRÅ HARDANGER FOLKEBLAD.

Artikkeltags