Alle evakuert då ferja tok inn vatn

Her ligg ferja til kai på Varaldsøy.

Her ligg ferja til kai på Varaldsøy. Foto:

DEL

KVINNHERAD [KVINNHERINGEN]: Like etter kl. 08.10 kom det dramatisk melding til politiet om at ferja MF «Hordaland» tok inn vatn, då den var utanfor Varaldsøy.

Lensmann i Kvinnherad, Sigurd Børve, fortel at alle naudetatar er kalla inn og at det er hovudredningssentralen som styrer redningsaksjonen.

– Det vart vurdert om ferja skulle køyra på land, men den kom seg til kai, og alle personane skal no vera evakuert, seier lensmann Børve.

Det er framleis uavklart kva som skjer med ferja som no ligg til kai, men som tar inn vatn. Kystvakta er og på veg til staden for å bistå i arbeidet med å redda ferja.

Det var 13 passasjerar og eit mannskap på seks om bord, ifølgje Inge André Utåker, regionsjef i Norled. Alle passasjerar skal vera komne på land på Varaldsøy, men det går framleis føre seg arbeid for å stoppa lekkasjen.

– Ting tyder på at ferja har gått på grunn, sjølv om dette ikkje er bekrefta enno. Det er heller ikkje det vi er mest opptatt av no. Vi jobbar med å finna holet, tetta det, få vatnet ut og ferja i dokk, seier Utåker til Kvinnheringen.

– Korleis var situasjonen for passasjerer og mannskap?

– Alle blei bedne om å ta på seg livvest. Det var nok ei ubehageleg hending, men det var ikkje panikk, og kapteinen var fatta og roleg. Mannskapet har gjort ein god jobb så langt eg forstår, seier regionsjefen.

Mannskapet er no i sving med pumper. Norled får også assistanse frå brannvesen, kystvakt og eit Sea King-helikopter.

– Vi veit ikkje meir før dykkarar har vore nede og inspisert, forklarar Utåker.

Like etter klokka 12.30 seier regionsjefen til Kvinnheringen at dei har fått kontroll på ferja.

– Siste beskjed vi fikk var at den er så godt som tett, og at vatnstanden går ned på innsida. Det er ein taubåt like i området. Ferja er stabil og ein har fått ut mesteparten av vatnet. No skal ein vurdera om ein kan ta ferja på slep til Halsnøy Dokk, seier Inge André Utåker i Norled, og held fram:

– Det var ein ganske alvorleg beskjed å få. At det var kritisk om bord, trur eg riktig. Vatnet steig fort, og heldt fram med det også etter at dei for fortøyde. Det kunne blitt enda meir dramatisk om det hadde teke meir tid til kai, seier han.

Han fortel at ferja høgst sannsynleg har gått for nære land og gått på grunn, på sydaustspissen av Varaldsøy. Ferja var på veg til Varaldsøy frå Årsnes.

Artikkeltags