Held fram søket etter Marvin Lee Judy Jr.

Marvin Lee Judy Jr., mannen til venstre på bildet, er framleis sakna. No fortset leitinga under havoverflata. (Akrivfoto).

Marvin Lee Judy Jr., mannen til venstre på bildet, er framleis sakna. No fortset leitinga under havoverflata. (Akrivfoto).

Skal undersøka havet.

DEL

Full tilgang: H-avis+, eavis og Rix – 5 kr for 5 uker

KVINNHERAD [KVINNHERINGEN]: Den amerikanske turisten Marvin Lee Judy Jr. (57) er framleis sakna, trass i at politiet har gjort gjentatte søk etter han i rosendalsområdet der dei trur han gjekk på tur laurdag 26. august.

Fungerande lensmann Sigurd Børve opplyser til Kvinnheringen at dei held fram søket etter amerikanaren, men at leitinga på land er avslutta.

I samarbeid med Kystvakten og Forsvaret, som sit på nødvendig teknisk utstyr, skal politiet no undersøka sjøen nærmare.

Fleire personar snakka med 57-årige Marvin i Rosendal 26. august, morgonen han sjekka ut av Rosendal Fjordhotell. Sidan har han vore sporlaust forsvunnen. Politiet har heile vegen jobba ut frå ein teori om at han gjekk seg ein tur i rosendalsområdet.

Artikkeltags