Har du sett denne mannen? Då vil politiet ha tips

Artikkelen er over 2 år gammel

Politiet leitar etter ein 57 år gammal mann frå USA. Bilen han har leigd er parkert i Rosendal, og politiet håpar nokon i Kvinnherad kan ha sett mannen.

DEL

[KVINNHERINGEN]: Kvinnherad lensmannskontor har fått ei bekymringsmelding frå den amerikanske ambassaden, etter at mannen ikkje returnerte til USA som planlagt. Mannen kom til Bergen 23. august, og har vore rundt om kring på Vestlandet og mot Sogn og Fjordane. Han køyrte ein leigebil frå Avis, og bilen skulle vore returnert 28. august. Bilen er funnen parkert i Rosendal.

– Vedkommande er sakna, og vi har fått samtykke frå pårørande til å dela bildet av han i håp om at nokon har sett han eller snakka med han. Det er nærliggande å tru at han sjølv har køyrt bilen til Rosendal og parkert han der, men kva han har gjort etterpå, om han har gått tur eller gjort andre ting, veit vi ikkje. Om nokon har sett han eller snakka med han er vi svært interesserte i tips umiddelbart, seier lensmann Jan L. Fosse.

Den amerikanske mannen er fødd i 1960, er 1,80 høg, har gråbrunt hår, og blå auge. Bildet av han er teke nyleg, men han kan ha hatt andre klede på seg då han kom til Rosendal. Truleg har han vore her i tidsrommet mellom 25. og 27. august. Har du informasjon til politiet kan du ringa telefonnummer 53483800 eller 02800.

SAKEN ER HENTA FRÅ KVINNHERINGEN

Artikkeltags