Framtida kjem til Stord

Redaksjonen: Anders Veberg, Andrea Nøttveit og Svein Olav Langåker i Framtida.nofoto: PRIVAT

Redaksjonen: Anders Veberg, Andrea Nøttveit og Svein Olav Langåker i Framtida.nofoto: PRIVAT

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Nyhende- og debattavisa Framtida.no startar vestlands-kontor i nynorsk-hovudstaden.

DEL

STORD: Fire år etter starten i Oslo, startar Framtida.no opp vestlandskontor på Stord. Nettstaden har vel 30.000 unike brukarar i månaden

– Nærmare lesarane

– Me vil koma nærmare lesarane våre og alt det spennande som skjer i Sunnhordland og elles på Vestlandet, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker i ei pressemelding

Nettavis

– Me vil vera ei nettavis for og om framtida, og då er det viktig å vera til stades der viktige delar av framtida til Noreg blir skapt, seier Langåker.

Gjensyn med kollegaer

For Langåker sjølv betyr dette eit gjensyn med gamle kollegaer.
Han har mange år bak seg som journalist i avisa Sunnhordland, som han no vil dela kontorlandskap med.

To i Oslo

Dei to andre medarbeidarane i Framtida-redaksjonen held fram i Oslo.

– Det er viktig at det finst eit nynorsk tilbod for unge lesarar på nett, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Artikkeltags