Gir nødvendig støtte

Alle som vil kan skriva seg inn i kondolanseprotokollen på Rådhuset i Haugesund. Denne vil vera tilgjengeleg innanfor normal arbeidstid framover. Elisabet Kristiansen (f.v.), fungerande rådmann Stål Alfredsen, kommunaldirektør Sissel Hynne og Ingrid Rossebø (framme), skriv seg inn i kondolanseprotokollen.

Alle som vil kan skriva seg inn i kondolanseprotokollen på Rådhuset i Haugesund. Denne vil vera tilgjengeleg innanfor normal arbeidstid framover. Elisabet Kristiansen (f.v.), fungerande rådmann Stål Alfredsen, kommunaldirektør Sissel Hynne og Ingrid Rossebø (framme), skriv seg inn i kondolanseprotokollen. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Kriseteamet i Haugesund kommune vil hjelpa alle som treng det på Haugalandet.

DEL

Full tilgang: H-avis+, eavis og Rix – 5 kr for 5 uker

HAUGESUND: Sidan fredag ettermiddag har kriseleiinga og kriseteamet i Haugesund kommune førebudd seg på å ta imot dei som er råka og deira pårørande etter terroraksjonane i Oslo.

Del på Facebook

– Då me fekk meldinga om dei grufulle hendingane, visste me ikkje kor mange som var frå vårt område. Difor tok me kontakt med Arbeiderpartiet, seier kommunaldirektør Sissel Hynne i Haugesund kommune.

– Me blei oppdaterte etter kvart. Det me veit i dag er at det var ti frå Haugesund, ein frå Vindafjord og ein frå Karmøy som var på Utøya. Ein person er framleis sakna etter tragedien på Utøya, men me veit ikkje om det er personar frå vårt distrikt i ulykka i regjeringskvartalet, seier Hynne.

Fungerande rådmann Stål Alfredsen i Haugesund kommune fortel at det var kommunen sjølv som tok kontakt med dei pårørande.

– Det var viktig for oss at det var me som tok kontakt, og ikkje omvendt, seier Alfredsen.

Stilte opp

Sissel Hynne fortel at både dei som var komne heim frå Utøya til Haugesund og pårørande vart invitert til ei samling i bystyresalen på rådhuset i Haugesund søndag ettermiddag.

– Samlinga vart innleia med nokre ord frå ordførar Petter Steen jr. og leiinga i kriseteamet. Resten av stunda blei brukt til å vera saman, og me har fått gode tilbakemeldingar frå dei som var til stades, seier Hynne.

Mellom 40 og 50 personar møtte fram. Hynne fortel at det var nøye gjennomtenkt at media ikkje fekk tilgang til denne samlinga.

– Me ville at involverte og pårørande skulle få koma i lag og prata saman om det som hadde skjedd, utan pressa til stades, seier Hynne.

Ho fortel at kvar familie som er knytt til hendingane har fått ein kontaktperson i kommunen sitt kriseteam.

– Det er ulikt korleis folk reagerer. Me prioriterte å hjelpa dei direkte involverte og deira pårørande først, men me vil gjerne hjelpa andre som har eit behov, seier Hynne.

Det ligg lenkjer til sjølvhjelp på Haugesund kommune sine nettsider.

– For somme vil det vera nok med støtte nå i etterkant av hendinga, for andre vil det vera behov for profesjonell behandling vidare, seier Hynne.

Privat innsats

– Me har opplevd at folk har vore villige til å hjelpa i denne situasjonen. Nokre vart kalla heim frå sommarferie, medan andre tilsette ringde og melde seg sjølv, seier Alfredsen.

Rådmannen påpeikar også den gode innsatsen frå Arbeiderpartiet og Røde Kors lokalt.

– Privatpersonar opna dørene sine slik at dei sørgjande skulle ha ein stad og møtast. Det var også eit flott initiativ med fakkeltog frå Byparken til Rådhuset frå tre unge jenter, seier Alfredsen.

Artikkeltags