Høyre-ordfører støtter lærerne

Brev: Odda-ordfører John Opdal (H), her med sjefen Erna Solberg, har sendt brev til KS med klar støtte til streikende lærere.

Brev: Odda-ordfører John Opdal (H), her med sjefen Erna Solberg, har sendt brev til KS med klar støtte til streikende lærere.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

På vegne av et samlet bystyre har ordføreren i Odda sendt et brev til KS hvor han ber dem om å revurdere sin strategi.

DEL

ODDA: 5. mars i år tok partiet Rødt i Odda initiativ til å fremme en felles politisk uttalelse til Kommunesektorens Organisasjon (KS). Rødt mente Odda-politikerne skulle be KS om å revurdere sin strategi for arbeidstidsforhandlingene med lærernes fagforeninger. Et enstemmig kommunestyre var enig med Rødt.

Før helgen sendte Rødt Odda ut sin støtte til lærerstreiken. Samtidig oppfordret partiet ordføreren i Odda til nok en gang å utfordre ledelsen i KS på å revurdere sin strategi.
Nå har Odda-ordfører John Opdal (H) gjort som Rødt ønsket. Tirsdag sendte han av gårde Odda-politikernes støtte til lærerne.

– Ledelsen i KS har dessverre ikke lyttet til verken lærnes organisasjoner eller til rådet fra et enstemmig kommunestyre i Odda. Derfor er det blitt streik i den norske skolen, skriver Opdal.

Under kan du lese brevet i sin helhet:

Om lærarsteiken, KS og kommunalt mandat

Odda kommunestyre vedtok 5. mars 2014 samrøystes fylgjande fråsegn:

”For å skape ein god skule, er det ein føresetnad at det er god dialog mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Denne dialogen må basere seg på gjensidig tillit og respekt. Odda kommunestyre har tillit til den jobben lærarane utfører.

Dei fleste yrka har sine spesielle arbeidsvilkår, det gjeld og undervisningsyrka. Det er viktig for ein fortsatt god skule at elevar og lærarar har nok tid saman i skuletida. Difor har det historisk vore slik at lærarane har eit komprimert arbeidsår – saman med elevane – som dei tar ut som avspasering når elevane har fri.

Odda kommunestyre meiner at dette har vore ei god og fornuftig ordning, som sikrar både gode førebuingar til undervisningstimane og naudsynt etterarbeid. Dagens arbeidstidsavtale syt for at kommunane ikkje kan kutte i budsjetta ved å påleggje lærarane enno meir undervisning og mindre tid til førebuingar og etterarbeid.

Odda kommunestyre er bekymra for at ei svekking av den sentrale avtalen kan føre til større ulikskap og auka byråkratisering i den norske skulen. Dei lokale skuleleiarane bør nytte mest mogleg av tida si til kvalitetsikring og pedagogisk utviklingsarbeid i skulen, ikkje stadige lokale forhandlingar og avtalar med undervisningspersonalet.

På denne bakgrunn vil Odda kommunestyre be KS om å revurdere sin strategi for arbeidstidsforhandlingane med Undervisningsforbundet. Vi meiner at ei utviding av lærarane sitt arbeidsår ikkje er det rette tiltaket å prioritere i arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten i skulen”

Leiinga i KS har diverre ikkje lytta verken til lærarane og deira organisasjonar eller til rådet frå eit samrøystes kommunestyre i Odda. Difor er det blitt streik i den norske skulen.

Med vennlig hilsen
John Opdal ordførar / sign
 

Artikkeltags