ODDA [HARDANGER FOLKEBLAD]: Søndag kveld fekk politiet melding om ei gruppe barn mellom 8 og 12 år som skapte dårleg stemning i eit nabolag i Odda.

– Det er mellom anna meld om at dei hiv isklumpar på andre sin eigedom, og drar i vindaugsviskarar på bilar, seier politibetjent Vidar Litle-Kalsøy ved Hardanger lensmannskontor.

Politiet har fått dei same meldingane tidlegare, og søndagens meldar hadde også ringt før om same saka.

– Vi får inntrykk av at folk gjerne veit konkret kven dette gjeld, men at dei ikkje vil oppgi namn på barna eller foreldra. Det er forventa at politiet skal driva spaning, seier Litle-Kalsøy, og strekar under at dette ikkje er haldbart.

– Ringer ein inn om hærverk og skadeverk må det anten oppfordrast til at dei som ringer grip fatt i det sjølv, eller at dei kan gi noko meir til politiet som gjer at vi kan gå vidare med det, seier han.

Vil snakke med foreldra

Litle-Kalsøy er klar på at det er tydeleg at dette er eit pågåande problem.

– Det er ein gjeng som held på, og det er klart at vi ikkje skal ha sånne pøbelgjengar som går laus på andre folk sin eigedom, seier han.

Førre gong politiet fekk inn liknande meldingar var rundt jul/nyttår. No håpar politiet at dei kan få inn meir konkrete tips om kven det er om utfører hærverket .

– Er det andre som har observert dette, så ønsker vi sjølvsagt å få vite eventuelle namn, slik at vi kan snakke med dei det gjeld, og foreldra, seier Litle-Kalsøy.

Han seier ein bekymringssamtale er det som er aktuelt å gjennomføra i slike tilfelle.

Som forelder kan ein bli heldt juridisk ansvarleg for å erstatta gjenstandar som barn øydelegg.

– Ein kan også gå til sivilt søksmål mot foreldre som ikkje følger opp barna sine, påpeiker Litle-Kalsøy.