Spanderer heiskort på alle

Søndag 26. mars arrangerer Husnes Storsenter skidag i Fjellhaugen, med skishow, akekonkurranse og pølser på grillen. (Arkivfoto).

Søndag 26. mars arrangerer Husnes Storsenter skidag i Fjellhaugen, med skishow, akekonkurranse og pølser på grillen. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Husnes Storsenter slår på stortromma når dei inviterer til skidag i Fjellhaugen skisenter søndag 26. mars.

DEL

[Kvinnheringen]

KVINNHERAD: – Vi set stor pris på kundane våre i heile kommunen, og ønskjer å gi noko tilbake. Difor slår vi til med ein kjekk skidag i Fjellhaugen skisenter 26. mars, og gir vekk gratis dagskort i skiheisen denne dagen, seier Geir Jakobsen, senterleiar ved Husnes storsenter.

Det vil også bli fyrt opp i grillen, så innimellom øktene i bakken kan folk kosa seg med gratis pølser.

– Vi har i tillegg med oss ein gjeng med tøffe ungdomar som slår til med eit skishow. Og så skal vi laga til ein storslalomløype, der det mellom anna blir akekonkurranse. Mykje gøy for både store og små den dagen, med andre ord, seier Jakobsen.

Tidlegare har storsenteret arrangert skidag for tilsette med familiar, og denne gongen fekk senterleiaren rett og slett lyst til å involvera alle innbyggjarane.

– Vi gler oss, og håpar det blir mykje folk og mykje glede i skibakken denne dagen. Det er ikkje umogleg at vi legg opp til nokre aktivitetar i langrennsløypa i tillegg.

Til no i vinter har det vore heller labre snøtilhøve i Fjellhaugen, og særleg slalombakken har lidd under det. Men Jakobsen har slett ikkje gitt opp vinteren enno.

– Når storsenteret skipar til aktivitetar, så plar det koma strålande vêr. Vi satsar på godt med snø og fine forhold denne marsdagen, seier Jakobsen.

Artikkeltags