Parkeringsavtale med løypeselskapet

Parkering hesjabakk, seljestad, snø, vinter

Parkering hesjabakk, seljestad, snø, vinter Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Odda kommune har sagt opp avtalane med IL Korlevoll og Odda Lions Club i samband med innkrevjing av parkeringsavgifter og anvising av bilar på Hesjabakk og Korlevoll.

DEL

ODDA: Teknisk sjef Anton Langeland seier kommunen har inngått ny avtale med Seljestad og Røldal Løypeselskap.

– Bakgrunnen er at kommunen ønsker at midlane frå parkering skal gå direkte tilbake til utvikling av tilbod i lokalområdet, opplyser Langeland.

– Dette utelukkar då Lionsklubben, med omsyn til å fortsetta den avtalen vi hadde med dei, trass i at dei har mange gode formål å bruka pengar på, legg han til.

Langeland viser til at kommunen har hatt utgifter med brøyting og vedlikehald av parkeringsplassane.

– Desse er no dekka gjennom den nye avtalen, slik at kommunen slipp kostnadane med å drifta anlegga, seier teknisk sjef.

Han fortel at det er klare føresetnadar i friluftslova i samband med innkrevjing og bruk av midlar knytt til statleg sikra friluftsområde.

– Avtalen kommunen har inngått med løypeselskapet er i tråd med desse reglane, og er slik sett ein berekraftig avtale både for kommunen, friluftsfolket og fjellet, avsluttar Langeland.

Inge Lægreid, dagleg leder i Seljestad og Røldal Løypeselskap, seier dei synest det er svært viktig at pengane som kjem inn på fjellet skal brukast til utvikling og vedlikehald av området.

– Dette er ein viktig avtale for oss. Alle våre inntekter har så langt vore på frivillig basis. For løypeselskapet har det handla om å finne nye inntekter, slik at vi både kan overleva som selskap og sikra det gode tilbodet vi har i dag, seier han.

SAKA ER HENTA FRÅ HARDANGER FOLKEBLAD

Artikkeltags