Svampekasting midt i blinken

BLINKSKOT: Mats Rasmussen set inn ein fulltreffar. Daniel Meyer Storstrand og Therese Leth meir eller mindre tålmodige på tur.

BLINKSKOT: Mats Rasmussen set inn ein fulltreffar. Daniel Meyer Storstrand og Therese Leth meir eller mindre tålmodige på tur.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

– Tøft når eg trefte kua midt på magen, seier Mats Rasmussen. Svampekasting var ein hit under aktivitetsdagen for utviklingshemma.

DEL

STORD: Breie smil og latterutbrot. Stemninga blir høg når ein kan kasta svampar på menn i kudrakt, laga statuar med ei kanin, spela fotball og bowla med colaflasker. Haugesunds Avis blei med då idrettsstudentar ved HSH arrangerte aktivitetsdag for utviklingshemma tysdag.

Nancy Eide (43) frå Bømlo var med i fjor også, og smiler om kapp med sola. Akkurat kva aktivitetar ho fekk unnagjort før lunsj, er vanskeleg å ta på strak arm etter at pølsa og brusen er fortært. Eit kjapt blikk på aktivitetskortet som heng rundt halsen friskar opp minnet. Siste stasjonen var av den fysiske typen.

– Eg var på Supermann, og sprang så fort eg kunne, fortel ho stolt.

Kald målskive

Ein av dei mest populære stasjonane er naturleg nok svampekastinga.

– Litt kaldt, og ganske flaut, seier Kristoffer Salvesen. Som ku og svært populær målskive for våte svampar er idrettsstudenten takksam for at sola slapp gjennom skylaget etter fleire dagar med sludd og vintertemperaturar.

– Eg trefte han med alle tre svampane, men det var fotball som var kjekkast, opplyser Arne Magnus Ørstavik, mens han gumlar på ei pølse. 20-åringen frå Bømlo er ein av 102 deltakarar frå Stord og nabokommunane som saman med 66 hjelparar hadde lagt dagen til Rommetveit.

– Meg, meg meg!

På treningsbanen gjer Salvesen seg klar til ein ny runde som målskive for ivrige svampekastarar. At fotografen har våga seg bak kua gjer ikkje kastearmen mindre inspirert.

– Meg, meg, meg! Fem nevar er kjapt oppe då de blei stilt spørsmål om kven som ynskte å prøva seg mot kua først.

– Tøft når eg trefte han midt på magen, kommenterer Mats Rasmussen.

Årleg affære

– Dette er 18. året aktivitetsdagen blir arrangert, seier Johannes Olsen, som er ein av studentane på årsstudium i idrett. Han fortel at det har gått ein del planlegging til for å få alt på plass.

– Me har laga 18 ulike stasjonar, eine delen er fysiske øvingar medan den andre går meir på aktivitetar for sansane, seier Olsen.


 

Artikkeltags