Gjentar suksessen frå i fjor

KAPTEIN: Jarle Møllerhaug er kaptein på veteranskipet «Sunnhordland».

KAPTEIN: Jarle Møllerhaug er kaptein på veteranskipet «Sunnhordland». Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kaptein Jarle Møllerhaug tar veteranskipet «Sunnhordland» med seg til heimbygda Valevåg.

DEL

SVEIO: I fjor starta «Sunnhordland» julebordsesongen med fullt skip nettopp i Valevåg. Laurdag 3. november i år blir det eit bygdearrangement i samarbeid med det lokale idrettslaget, fortel Møllerhaug.

På dagtid blir det kafé om bord, og om kvelden rekebord og lokal underhaldning.

Valestrand Idrettslag har tradisjon for å arrangera løpet «Valesvingen rundt» med både mosjonsklasse og konkurranseklasse langs ei 3,9 kilometer lang løype.

Leiar Svanhild Valen Lie er nøgd med samarbeidet dei i år har fått med veteranskipet, og håpar det vil stimulera til rekordoppslutning.

«Sunnhordland» har plass til ca. hundre personar i kafé og restaurant, og Møllerhaug vil rekna det som svært god oppslutnad.

– Hundre utøvarar vil også vera i overkant av det «Valesvingen rundt» har hatt tidlegare år, seier Valen Lie.

Artikkeltags