Rv. 13 vert ikkje opna søndag

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Riksveg 13 vert ikkje opna igjen søndag. Det er klart etter geologiske undersøking på staden.

DEL

ODDA: Vegtrafikksentralen melde like over klokka 14 at Rv. 13 mellom Vasstun og Lausasteintunnelen i Odda vert stengt i fleire timar.

Politiet vart varsla om raset klokka 13.40 og hadde klokka 14.22 ein patrulje på staden.

Operasjonsleiar Frode Kolltveit opplyste like over klokka 16 til Hardanger Folkeblad at politiet har avslutta på staden. 

Statens vegvesen sin entreprenør var då på veg til staden, og ein visste ikkje når oppryddinga ville starta.

Trea skal ha rast frå hogstområdet.

Ny vurdering måndag

– Det er fare for at fleire tre kan koma ned i vegbanen. Vegen er heilt sperra og Vegtrafikksentralen har opplyst at dei ikkje kan starta oppryddinga enno, opplyste operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt tidlegare på dagen.

Det skal ha komme ned tre og jordmassar, og ein kan ikkje utelukka at det kjem meir.

– Bilar skal ikkje vera tatt av raset, sa Samsonsen.

«Entreprenørar frå Vegvesen på veg til staden. Pr. nå litt usikkert kor lenge vegen blir stengt på staden», skriv Vest politidistrikt.

«Blåser godt i området», skriv Vegtrafikksentralen på Twitter.

Ifølgje Statens vegvesen blir det gjort ein ny vurdering om å opna vegen igjen måndag klokka 09.30.

Artikkeltags