Føraren av denne bilen vart tatt med falskt førarkort – for andre gang

Føraren av denne bilen vart tatt med falskt førarkort for andre gong.

Føraren av denne bilen vart tatt med falskt førarkort for andre gong. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ein førar køyrde frå kontrollstasjonen utan å fiksa manglane på bilen.

DEL

ODDA: Statens vegvesen har i helga hatt kontroll på Seljestad.

– Der var det ein førar som fekk køyreforbod fredag. Natt til laurdag stakk han av, køyrde vidare utan å forbetra dei manglane han hadde fått køyreforbod for, forklarer Svein Buer, politiførstebetjent i Hardanger lensmannsdistrikt.

– Men vi veit jo kven han er, så han kjem til å bli meld for å ikkje ha fiksa det han skulle før han køyrde, legg Buer til.

LES OGSÅ: Fekk køyreforbod på Seljestad - stakk av på natta

Tilbake med falskt førarkort

Ein annan sjåfør blir meldt for å ha køyrd med falskt førarkort.

– Det var ein litauar som hadde oppkopiert førarkort. Han har jo då blitt fotgjengar. Sidan han bur i Noreg, blir saka følgt opp vidare, fortel Buer.

Han legg til at det ikkje er første gongen mannen er tatt med falskt førarkort.

– Det har skjedd før, seier han.

I ein e-post skriv Statens vegvesen at litauaren køyrde ein varebil med båthengar, som hadde overlast på 1000 kilo. Føraren sitt norske førarkort var beslaglagt av politiet tidlegare, men han viste eit litauisk førarkort som viste seg å vera falskt. Føraren har blitt tatt med promille to gongar tidlegare, og andre gongen hadde han også falskt førarkort.

Vegvesenet opplyser at han heller ikkje tidlegare har hatt førarrett til å køyra denne typen bil med denne typen tilhengar. Han blir meld for alle forholda.

(Artikkelen fortset under biletet)

Fekk 25.850 i gebyr

Vegvesenet melder også om ein lastebil med gravemaskin som var overlasta med 7300 kilo. Føraren fekk gebyr på 25.850 kroner.

– Mange førarar av bilar med tilhengarar er ikkje merksam på kva førarrett (førarkort) dei har, og kva dei treng for å køyre bil og tilhengar. Sju førarar vert meld til politiet for å køyre tilhengar dei ikkje har førarkort for, skriv Kristian Lauvås Alver i Statens vegvesen.

SAKEN ER HENTA FRÅ HARDANGER FOLKEBLAD

Artikkeltags