Gå til sidens hovedinnhold

Utforkøyring ved Sysendammen

Artikkelen er over 2 år gammel

Det skal ikkje vera skade på personar, får HF opplyst.

EIDFJORD [HARDANGER FOLKEBLAD]: Det var utrykking til Sysendalen frå brannvesen og politi fredag morgon.

Politiet rapporterer om at trafikkulukka skjedde klokka 8.23.

Det skal vera ein bil med to personar i som køyrde utfor vegen.

Dei to hevdar deg uskadd, melder politiet.

Først melde politiet om kollisjon mellom to bilar, men denne meldinga vart etterpå trekt tilbake.

Det skal ikkje vera trafikale problem på staden. Det er våt snø i vegbanen på staden der ulukka skjedde.

Les òg: Nye LED-ljos langs riksveg 7: – Det er heilt fantastisk

Kommentarer til denne saken