Gå til sidens hovedinnhold

Her byggjer vegvesenet toalett

Artikkelen er over 3 år gammel

På Fossli er eit toalettanlegg under bygging. Sluttdato er ikkje datofesta, men ein gong midt på sommaren vil det stå klart.

EIDFJORD [HARDANGER FOLKEBLAD]: Det opplyser prosjektleiar for Statens vegvesen sitt turistvegprosjektet ved Vøringsfossen, Kjersti Wold.

Ho kan fortelja at arbeidet med toalettanlegget ved den nye parkeringsplassen har begynt, og kjem til å gå utan opphald gjennom vinteren. Når anlegget står klart i sommar, vil det totalt ha ti toalett, tilpassa herrar, damer og eigne handikaptoalett.

– Toaletta kostar ganske mykje, men er heilt naudsynt når vi byggjer eit anlegg som dette, seier Wold.

Om ein skal ta seg betalt frå toalettgjestene eller ikkje, er ifylgje prosjektleiaren diskutert i mange ulike forum, utan at ein har konkludert så langt. På andre tilsvarande toalett i regi av Vegvesenet, er det stort sett gratis bruk. Men når det kjem til utfordringar med reinhald, er det varierande erfaring.

Les også

– Asiatar har plenty med pengar, men ikkje betalingsvilje for å gå på toalett

 

– Det er difor den diskusjonen stadig dukkar opp, seier Wold og medgir at det er nokså utfordrande å halda reint når det kjem buss etter buss.

Den løysinga ein no byggjer etter, har ikkje betalingsløysing i utgangspunktet, ifylgje Wold.

Firmaet O L Kythe AS frå Voss har kontrakten på det nye toalettanlegget.

Kommentarer til denne saken