[HARDANGER FOLKEBLAD]: Andrè Eriksen frå Eriksen film har laga filmen som gir eit innblikk i årets Åsnes Expedition Amundsen, som fann stad i byrjinga av mars.
Expedition Amundsen er eit pulkløp som går over Hardangervidda. Deltakarane kryssar Vidda med pulk, anten åleine eller som lag med to eller tre deltakarar.
I årets ekspedisjon kom Ivar Tveito Eidnes frå Lofthus på tredjeplass i individuell klasse, og brukte 24 timar på det 100 kilometer lange rennet som blir kalla «verdas hardaste skirenn».
Olaf Tufte
Team Amundsen Sports var første lag i mål på Maurset under årets Åsnes Expedition Amundsen. Laget bestod av Trygve Markseth og Håvard Hansen, og dei brukte 22 timar og 26 minutt.
Laget RAB/ÅSNES kom som nummer to, der olympisk gulmedaljevinnar Olaf Tufte var med saman med Halvor Wang, på 22 timar og 44 minutt.
Nummer tre i mål var Thomas Wallin-Andersen som dermed vann individuell klasse. Han brukte 23 timar og 7 minutt.