Opp til Krakkanuten

Ved varden: Flott utsikt frå toppen. foto : Jon Olav Velde/HAUGESUND TURISTFORENING

Ved varden: Flott utsikt frå toppen. foto : Jon Olav Velde/HAUGESUND TURISTFORENING

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

VINDAFJORD: Blå tur – familietur, men nokre bratte parti på stien/traktorveg oppover lia.

Frå bedehuset går du sørover langs sykkel- og gangstien cirka 150 meter til du kjem til fyrste avkjøring til E 134.

Her ser du tursti-skilt, og skilt til Krakkanuten. Omlag 2,4 km opp til varden.

Stien går på godt rydda og merka sti og gammal traktorveg oppover gjennom kulturbeite og blandingsskog. Den er merka og skilta heil opp til varden.

Vegen er noko bratt enkelte stader, men ta det med ro og nyt naturen og bruk sansane – syn og høyrsel og lukt i blandingsskogen.

Det er flott utsikt over bygda når du kjem over tregrensa.

Bruk gjerdeklyverar eller lukk grindane dersom du må bruka desse.

Ta omsyn til eventuelt beitande dyr langs stien.

Hugs bandtvang for hundar.

Stort sett fint å gå, men nokre våte parti enkelte stader.

Det er sett opp fleire namneskilt, Nordsåt, Såtedalen, Sørsåt og Smørdokk.

Ved Smørdokk er det sett opp ei infotavle om eit stort stein-og jordras i 1952:

13. august 1952 gjekk det eit stort jord- og steinras ved Sjurseike som tok med seg løa til Johannes og Anna Sjurseike, og for vidare ned til Vatsvatnet.

Dette raset starta ved Smørdokk etter svært kraftige regnbyger.

Panoramautsikt frå varden, 450 m.o.h.

Fottøy: Vanlege tette sko eller fjellsko.

God tur.

Turfakta

TILKOMST: Kjør om lag 1,5 km frå Knapphus mot Ølen langs E 134 til Øvre Vats bedehus, som ligg på oppsida av sykkel- og gangstien ved Alvseike. Her står info.tavle med kart og opplysningar om tur til Krakkanuten.

PARKERING: Parkeringsplass ved Øvre Vats bedehus.

VARIGHET: 1 time 10 min opp, og 40 min ned. Tur-retur: Om lag 2 timer

Artikkeltags