Saka om «Harrier» til Økokrim

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det er Sysla som i dag melder at Økokrim har teke over saka om Tide Harrier.

Vest Politidistrikt har lenge etterforska saka om «Harrier», tidlegare «Eide Carrier», som hamna i havsnød utanfor Jæren i februar i år. Då hadde båten gått ifrå Høylandsbygd.

Til Sysla.no seier politiadvokat i Vest politidistrikt, Trygve Ritland, at Økokrim har større nettverk og spisskompetanse til å etterforska ei så eineståande sak i nasjonal samanheng.

Magnus Juel i Økokrim seier til sysla.no at han ikkje veit kor langvarig etterforskinga blir. Både noverande eigar av skipet, Julia Shipping, og tidlegare eigar, Eide Marine Eigedom AS, er melde til politiet av Miljødirektoratet.

Artikkeltags