Livsfarleg smuglarbil

Teljing: Etterforskingsleiar Per Helge Sekse og politiførstebetjent Øystein Torsnes tel sekspakningar med øl. Politiet beslagla sju pallar med øl og brennevin.

Teljing: Etterforskingsleiar Per Helge Sekse og politiførstebetjent Øystein Torsnes tel sekspakningar med øl. Politiet beslagla sju pallar med øl og brennevin.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Fleire tusen liter alkohol beslaglagt då spesialbygd varebil, utan bakbremsar, hamna i grøfta.

DEL

ULLENSVANG(Hardanger Folkeblad): – Den har vore livsfarleg på vegane. Det er verre enn smuglinga, seier etterforskingsleiar Per Helge Sekse ved Hardanger lensmannsdistrikt.

Det var tysdag at ein varebil kolliderte med ein rutebuss ein stad mellom Kinsarvik og Bu i Ullensvang. Det vart skadar på bussen, men varebilen køyrde berre vidare.

LES OG: Store mengder alkohol

Ein har plikt til å stoppa når ein er involvert i eit trafikkuhell, og bussjåføren kontakta difor politiet. Ein patrulje rykka ut, og dei fann då varebilen i grøfta ved vegen til Røte i Kinsarvik.

Stakk av

– Sjåføren hadde då stukke av, opplyser Sekse, som legg til at politiet gjerne vil ha tips dersom det vert gjort observasjonar i området.

Like etter klokka 21 tysdag melde Hordaland politidistrikt på Twitter at det var gjort beslag i store mengder alkoholhaldige varer.

Onsdag føremiddar opplyser Sekse at det er snakk om fleire tusen liter øl og brennevin.

Vert destruert

Alkoholen, som politiet reknar med skulle seljast, vil verta destruert.

Retten vil avgjera kva som skjer med den spesialbygde smuglarbilen, som og har sota vindauge.

– Me vil be om at den vert inndratt til fordel for statskassa. Det kan og vera at eit forsikringsselskap vil ha den, forklarar Sekse til Hardanger Folkeblad.

Trafikkfarleg

Det er førebels ikkje kjend kvar bilen kjem frå, men politiet har avdekka at skilta er falske. Dei har kontakta eigaren av det rette skiltet, og han opplyser at bilen står i Oslo.

– Me fann og franske skilt i bile. Det kan henda at dei har nytta dei i andre samanhengar, eller at bilen er stole i Frankrike, seier etterforskingsleiaren.

Politiet har gjort kriminaltekniske undersøkingar, inkludert DNA og fingeravtrykk. Dei undersøker og bilen sitt chassisnummeret.

Thord Paulsen har undersøkt varebilen, og det kom då fram at forsterkingsfjøringar var fjerna for at den ikkje skulle verka så lasta. I tillegg var bakbremsane kopla ut, og det var lite bremsevæska.

Artikkeltags