Politiet: – Veldig god innsats frå alle som var der oppe

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet rosar hytteeigarar og andre som tok del i redningsaksjonen ved Reinsnosvatnet søndag. Namnet på den omkomne er no frigjeve.

DEL

Dødsulykka ved Reinsnosvatnet:ODDA: Søndag kveld vart ein mann funnen omkommen etter eit omfattande søk  etter at båten han sat i gjekk ned søndag ettermiddag.

– Vi fekk melding litt etter halv to om at ein mann var observert i ein båt som forsvann ut av Ljosavatnet og ned i elva, fortel Svein Buer, politiførstebetjent i Hardanger lensmannsdistrikt.

Store ressursar vart sett i sving. Fleire Sea King-helikopter, fjellredningspersonell frå Bergen, Røde Kors frå Odda var blant dei som deltok i tillegg til politiet.

– Det var og varsla dykkarar frå Bergen som var på veg innover, seier Buer.

I samråd med dei pårørande stadfesta politiet måndag at det var den 71 år gamle Jon Holger Skjøren som omkom i Ljosvatnet.

LES OGSÅ: Mann funnet omkommet etter redningsaksjon i Odda

Veit ikkje kva som skjedde

Kva som eigentleg har skjedd med mannen veit politiet foreløpig ikkje.

– Dessverre vart han funnen omkommen i seks-halv sju tida på kvelden. Kvifor han for utforbi der, veit vi ikkje, seier Buer.

Elva blei demma opp for å gjera leitearbeidet lettare. Delar av båten blei først funne i elva som går mellom Ljosavatnet og Reinsnosvatnet. Politiet opplyste då at båten var knust eller øydelagt.

Hytteeigarar med og leita

Buer fortel at 71-åringen hadde hytte i nærleiken.

– Det var og ein del hytteeigarar som var med og leita før redningsmannskapet kom opp. Det var ein veldig god innsats frå alle som var der oppe, seier Buer.

Det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt, og Buer seier det sannsynlegvis dreier seg om ei rein ulykke.

SAKEN ER HENTA FRÅ HARDANGER FOLKEBLAD

Artikkeltags