Mann fall ned ferjetrapp

Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn-sambandet innstilt.

DEL

KVINNHERAD [KVINNHERINGEN]: Vest politidistrikt melder at ein mann har falle ned ei trapp om bord på ferja M/F "Etne". Han var bevisstlaus etter hendinga, men er no vaken, ifølgje politiet.

Politet er på staden, men ferjesambandet er innstilt inntil vidare medan ein ventar på ambulansebåt frå Sunde.

Like før klokka 12 melder Norled at rute 1 vil ha avgang frå Årsnes kl. 12.30. Begge ruter er venta å vera tilbake i normal drift frå klokka 13.00.

Artikkeltags