– Dette var eit eventyr

Ein klasse frå «Eining for integrering og opplæring» var på tur til Haugland skulemuseum, der dei fekk vera elevar i skulen, med Kristian Bringedal som læremeister. Frå venstre ser vi Alaa, Benjawan, Nora, Etab, læremeister Kristian Bringedal, lærar Birte Bruvik ved Vak-senopplæringa, Arif og Toka. (Foto: Thor Inge Døssland).

Artikkelen er over 1 år gammel

Elevar i ein klasse frå «Eining for integrering og opplæring» var fredag på ei reise gjennom norsk skuletradisjon og lokalhistorie.

DEL

KVINNHERAD [KVINNHERINGEN]: Turen gjekk til Haugland skulemuseum og Fjellandsbø. Her fekk elevane oppleva korleis det var å gå på skule for over 100 år sidan, med Kristian Bringedal i rolla som læremeister. Entusiastisk drog han elevane med på ei reise gjennom song, religion, norsk, geografi og mattematikk for å nemna nokon fag.

I klasserommet skein stearinlysa, og gamle fotografi av lærarar pryda veggen. Forhistoriske stolar og pultar stod på rekkje og rad, med eit antikt orgel heilt framme som læremeistaren for dagen spelte på i songtimen.

– Det var vanskelege songar, men eg kunne «Blåmann» frå før, fortel Benjawan.

– Det var dogg på vindauga, så vi laga små hol slik at vi kunne kikka ut på den nydelege naturen, fortel Etab.

Toka og dei andre elevane kjende godt til kuleramma som Kristian Bringedal viste fram. (Foto: Thor Inge Døssland).

Toka og dei andre elevane kjende godt til kuleramma som Kristian Bringedal viste fram. (Foto: Thor Inge Døssland).

Det var ein lærerik dag for elevane, og dei fekk eit innblikk i kvardagen for vel hundre år sidan.

– Læraren før måtte undervisa alle alderstrinna i alle fag. Det var ein flink lærar! seier Alaa.

Elevane ved eininga har bakgrunn i mange forskjellige skriftspråk, og når læremeisteren brukte løkkeskrift blei dei fasinerte:

– Vi likte godt løkkeskrifta, så vi vil gjerne læra å skriva slik, smiler Nora.

Tur i det fri

Etter endt skuledag, fekk dei låna ein gapahuk oppe ved Fjellandsbøvatnet. Med blikkstille vatn og solgløtt over fjellheimen kunne dei nyta matpakken ute i det fri. Mange av elevane som gjekk på Haugland skule budde her før i tida. Den lange skulevegen var overraskande for mange av elevane som var med på utflukta denne fredagen.

Etter skuledagen i det gamle skulehuset Haugland skulemuseum, fekk elevar og lærarar ein flott tur til Fjellandsbøvatnet. Framme f.v. lærar Birte Bruvik og elevane Benjawan, Toka, Nora og Etab (bak Nora). (Foto: Thor Inge Døssland).

– Dei måtte gå veldig langt på stiar i all slags vêr, for det var ingen etablert veg, fortel Benjawan.

– Synest de at det var ei kjekk oppleving?

– Vi blei tatt med 100 år tilbake i tid, og det var veldig kjekt å sjå ein heilt annan kultur enn det vi er vande med, fortel Toka medan medelevane nikkar samtykkjande.

– Det var nett som å vera i eit eventyr, avslutter Toka.

Det er ingen tvil, turen har gitt meirsmak, og gjengen vil gjerne reisa på fleire utflukter for å sjå kva Kvinnherad har å by på av både natur og historie.

Artikkeltags