Valknep i Vikebygd

<b>SMÅTRIKSING?</b> Øyvind Haraldseid (H) tok det påfallande valresultatet frå Vikebygd opp då Vindafjord kommunestyre konstituerte seg i går.

<b>SMÅTRIKSING?</b> Øyvind Haraldseid (H) tok det påfallande valresultatet frå Vikebygd opp då Vindafjord kommunestyre konstituerte seg i går.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Då det nye kommunestyret i Vindafjord kom saman i går, ville Øyvind Haraldseid (H) vita kor langt det er lovleg, juridisk og moralsk, å gå for å henta stemmer. Han tenkte på Vikebygd.

DEL

VINDAFJORD: Vikebygd, med fem prosent av dei røysteføre i kommunen, har fått over 15 prosent av representantane i det nye kommunestyret.

– Vikebygd har fått inn fire representantar, Sandeid ein og Vats to representantar. Det minner litt for mykje om det som skjedde der visse bygder var totalt overrepresenterte i gamle Vindafjord kommune, seier Øyvind Haraldseid.

Då konstituerande møte opna, minna han om oppstyret rundt kjøp av stemmer i Drammen.

– Kva har me lov til, kor langt har me lov til å gå i å påverka veljarane? spurte Haraldseid og bad ordføraren koma tilbake på neste møte med eit svar på kor grensa går.

Vikebygd

– Då Vikebygd bygdeliste blei nedlagt, blei det sendt rundt lappar i postkassane der med gjorde greie for kvifor me la ned og me takka for støtta med hadde fått, seier Gunn Vikingstad (Sp) – ei av dei fire innvalde frå Vikebygd. Dei andre er Roald Årvik (Ap), Steinar Skartland (KrF) og Dominikus Bjordal (Sp).

Vidare blei det på lappen peika på kor viktig det var at bygda hadde folk i kommunestyret og i alfabetisk rekkefølge blei dei ni personane frå Vikebygd nemnde. Og så blei det gjort grundig greie for korleis ein kumulerer og fører namn over frå ei liste til ei anna.

Glashus

Rune Hetland, som skreiv under på brevet som gjekk ut, avviser antydningar om valtriksing eller grensetilfelle. Han minner om at tre av fire innvalde frå Høgre kjem frå den gamle Skjold/Vatslista og meiner Haraldseid sit i glashus.

– Me sende rundt brevet då me høyrde at mange i Vikebygd sa dei ikkje ville stemma sidan det ikkje lenger var bygdeliste.

Me skreiv uttrykkeleg at det viktigaste var å møta fram og røysta. Me meiner me ikkje har lokka nokon til å stemma annleis enn dei elles ville ha gjort.

Artikkeltags