Vinden rasar i over 175 km/t i fjellet: – Det er ganske ekstremt

Frå Årsnes i morgontimane. Foto: Jonn Karl Sætre.

Frå Årsnes i morgontimane. Foto: Jonn Karl Sætre.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

[KVINNHERINGEN]: Sterk vind frå sør vil prega dagen. Klokka sju måndag morgon hadde Folgefonna den kraftigast målte vinden i landet. Styrken blei målt til 48,5 meter/sekund, eller 175 kilometer i timen, ifølgje Meteorologisk institutt.

– Nokre målingar kan vera litt usikre, men vi har hatt vind over 50 meter per sekund. Det er ganske ekstremt, og bra det ikkje er der folk held seg. Hadde det vore slik her nede, hadde det vore trøbbel, for å seia det mildt, seier meteorolog Lars Andreas Selberg ved Meteorologisk institutt, til Kvinnheringen måndag føremiddag.

Vinden i fjellet har altså vist langt over orkan i heile natt. Den vil halda fram i morgontimane og utover føremiddagen.

Middelvind elles i Kvinnherad er målt til 41,2 og 45,5, ifølgje Selberg.

– Korleis blir vêret utover måndagen?

– Det vil regna jamt og trutt og blåsa resten av dagen. Vi vil sjå ei minkande tendens frå seint i ettermiddag. Seint i kveld og natt til tysdag vil det brått roa seg, opplyser Selberg.

På europavei 134 over Haukelifjell er det kolonnekøyring.

Artikkeltags