NVE sender ekspertar til Odda: - Dei er like bekymra som oss

Oktoberflaumen: I 2014 vart fleire hus tatt langs Opo, og det var store skadar oppover Oddadalen.

Oktoberflaumen: I 2014 vart fleire hus tatt langs Opo, og det var store skadar oppover Oddadalen. Foto:

Teknisk sjef Anton Langeland seier kommunen gjer det dei kan for å bu seg på vêrsituasjonen.

DEL

ODDA [HARDANGER FOLKEBLAD]: NVE har varsla flaumfare i indre strøk av Hordaland på nivå tre, som er det nest høgste farenivået. Dei har også varsla stor rasfare. Faren for snøskred i Hardanger er sett til fire. Grunnen er at det er venta svært store nedbørsmengder dei neste dagane.

Teknisk sjef i Odda kommune, Anton Langeland, fortel at dei har samla troppane og hatt eit møte for å sjå på korleis dei kan førebu seg.

– Det er meld mykje vatn, og derfor har vi sett i gang med å sikra alle bekkeløp, stikkrenner, kummar og så vidare så vi ikkje får problem med det.

Les også: Kan bli verre enn de to siste flommene

Han har også kontakt med vegvesenet når det gjeld deira beredskap i tilfelle det skal gå ras, og NVE, som har flaum- og skredekspertar på veg til Odda tysdag ettermiddag.

– Dei er jo like bekymra som oss på grunn av varslingane. Det er ikkje alt arbeidet i Opo som er ferdig, spesielt rundt Hjøllobrua, seier Langeland.

Han forsikrar om at kommunen er veldig observant på situasjonen, og gjer det dei kan i forkant.

– Så må vi berre følga med på vêrsituasjonen framover. Til no har det komme mindre nedbør enn det som er meldt, men det vil visa seg kor mykje det blir, seier han.

Artikkeltags