Lokalt stor snøskredfare

Av

- Enkelte vegstrekningar kan vera utsett.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Haugesunds Avis digitalt i 5 uker for 5 kr!

[Hardanger Folkeblad]

ODDA: Stort snøfall gir lokalt stor snøskredfare i Hardanger. Det skriv varsom.no.

Skiløparar og skuterkøyrarar oppfordrast til å halda seg unna alt skredterreng, og enkelte vegstrekningar kan vera utsett.

Onsdag i førre veke gjekk det eit større ras i Tokheimslia, men også andre stader kom det store mengder snø ned fjellsidene.

Fredag ettermiddag gjekk eit nytt større snøskred ned mot fv 550 ved Velure i Ullensvang. Morgonen same dag raste snø ned fjellsidene i Odda, som du kan sjå på denne videoen.

Førre veke var skredfaren vurdert til nivå 3, men den er no heva til nivå 4, som vil seia at skredfaren vurderast til å vera stor i delar av regionen. Store skred som løsnar høgt til fjells kan ha lang rekkevidde og utløp ned til fjorden/dalen, skriv varsom.no.

Artikkeltags