VINDAFJORD: Før den tid, alt på lørdag, kjem det første av to fartøy som skal overta dekket frå «White Marlin» og transportera det ut til Stord der dekket skal på plass på plattforma.

Sjølve overgangen vil ta tre til fire dagar, før dekket så blir transportert – omlag som på ein katamaran – vidare frå Ølensvåg og til Stord.

Operasjonen krev innsats frå hundre mann på Westcon i desse hektiske dagane etter 28. november.

Det er spesialskipa «Swift» og «Teal» frå firmaet Dockwise som skal ta plattformdekket den siste strekninga til plattformen i Digernessundet.