Gammalt og nytt hos KrF

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Vindafjord KrF køyrer med varaordførar Steinar Skartland på topp som einaste prioriterte kandidat til kommunevalet.

DEL

Full tilgang: H-avis+, eavis og Rix – 5 kr for 5 uker

VINDAFJORD: Ny på andreplass er ei aktiv, ung dame i Skjold, Liv Eidhammer Mangrud og på tredjeplass har Gustav Løge Fosse, rektor på Lundeneset vidaregåande skule, sagt ja til å stå.

Han sit også i kommunestyret i dag og er dessutan nominert på sjuandeplass på KrF si liste til fylkestingsvalet.

Steinar Skartland seier koalisjonen som har styrt Vindafjord dei siste fire åra; Sp, KrF, SV og Bjoalista, kan visa til god økonomisk styring.

– I dag har kommunen ein akseptabel økonomi og tanken om å samarbeida med Sp og andre er ikkje framand for oss, seier han, som er einaste prioriterte på lista.

Her er hele lista

1. Steinar Skartland, Vikebygd (prioritert), 2. Liv Eidhammer Mangrud, Skjold, 3. Gustav Løge Fosse, Ølensvåg, 4. Ruth Fosse Fjelltveit, Ølensvåg, 5. Eirik Stople, Sandeid, 6. Norun Marie Eintveit, Vikedal, 7. Sigbjørn Mortveit, Skjold, 8. Mallin Heggheim Brekke, Ølensvåg, 9. Jan Sverre Frønsdal, Ølensvåg, 10. Torunn Tvedt, Ølensvåg, 11. Eivind Hetland, Ølensvåg, 12. Inghart Lasse Tveit, Skjold, 13. Håvard Brekkå, Ølensvåg, 14. Olav Vagle, Skjold, 15. Olav Osaland, Ølensvåg, 16. Oddvar Haugland, Imsland.

Artikkeltags