80 prosent i Odda seier ja

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ordførar Roald Aga Haug seier han har fått eit klart mandat frå oddingane, og er glad for at fleirtalet av røldøler framleis vil vera i kommunen.

DEL

ODDA:Under 40 prosent av dei røysteføra i Odda deltok i folkeavrøystinga, men mandatet frå desse er altså klart.  80,47 prosent vil slå seg saman med Jondal og Ullensvang.

– I Odda vart det klarare enn eg hadde trudd, kommenterer ordførar Roald Aga Haug måndag kveld.

18,2 prosent av oddingane sa nei til samanslåing, og 1,3 prosent av røystene var blanke.

Røldal

66,33 prosent av røldølene seier dei vil vera i Odda og om lag 33,67 prosent vil til Suldal.

LES OG: – Røldal må bli i Odda

I heile Odda svarte 86,59 prosent av dei som røysta at dei meiner Røldal høyrer heime i kommunen.

Medan 70 prosent av røldølene røysta, var deltakinga i kommunen totalt 37,19 prosent.  Ordføraren er nøgd med oppmøtet.

– Då vi bestemte oss for folkeavrøysting trudde og håpa vi på over 50 prosent, men etter kvart såg vi at til dømes Stord var nede i 18 og 19 prosent.  Vi frykta denne storleiken, så det var høgre deltaking enn eg venta, seier Haug.

Han er og nøgd med resultata.

– No er ting avklart i Odda, og vår posisjon er klår og tydleg.  Eit samla kommunestyre, minus ein representant, har gått in for kommunesamanslåing og no støttar befolkninga dette, kommenterer ordføraren.

Jondal

I Jondal har innbyggjarane tatt stilling til fleire spørsmål, men ordførar Jon Larsgaard opplyser at om lag 49 prosent røysta for å stå åleine.

40,1 prosent skal ha røsyta for å slå seg saman med Odda og Ullensvang, og i underkant ti prosent vil til Kvam.

69,77 av dei røysteføra i Jondal deltok.

Denne saka er henta frå Hardanger Folkeblad

Artikkeltags