Gå til sidens hovedinnhold

NVE gjev løyve til to nye småkraftverk i Odda

Artikkelen er over 3 år gammel

NVE gjev løyve til Tokheimselva kraftverk og Nedre Seljestadelva kraftverk, medan Øvre Seljestadelva kraftverk får avslag.

ODDA [Hardanger Folkeblad]: Det går fram av ei melding frå NVE fredag formiddag.

Seljestadelva er ein del av det verna Opovassdraget.

NVE gjev løyve til Tokheimselva kraftverk og Nedre Seljestadelva kraftverk, medan Øvre Seljestadelva kraftverk får avslag. Seljestadelva er ein del av det verna Opovassdraget.

Dei to kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 32,6 GWh straum i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 1600 husstandar. Det er selskapet Småkraft AS som har søkt om konsesjon i de to vassdraga.

Prosjektet som fekk avslag kunne ha gjeve 6,7 GWh/år.

– Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka, heiter det i meldinga frå NVE.

For Tokheimselva kraftverk har verknader på landskap, friluftsliv og samla belastning vore viktige tema i NVE si vurdering. Det same har forholdet til vassforsyninga til Boliden.

Opo m/Låtefoss vart varig verna gjennom Verneplan I (1973), og for Øvre og Nedre Seljestadelva kraftverk har difor forholdet til vassdragsvernet vore eit viktig tema i NVE si vurdering.

Verknadane på landskap og naturmangfald har også vore viktig i vurderinga av desse to prosjekta.

NVE meiner at ei utbygging av Øvre Seljestadelva kraftverk vil redusere enkelte landskapselement og dermed svekke verneverdiane i vassdraget.

For Nedre Seljestadelva kraftverk har NVE lagt vekt på at vassuttaket er lågt, og at ei utbygging i liten grad vil føre til ytterlegare belastningar på landskapet langs elva.

– NVE har gjeve løyve til kraftverka som vi meiner gjev minst negative konsekvensar for allmenne interesser, og som ikkje svekker verneverdiane, og samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi. For å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve, står det i meldinga.

Kommentarer til denne saken