Skal sjekka om ubrukte pengar kan brukast til flaumsikring

Skal Undersøke: Ordførar Roald Aga Haug skal, etter forslag frå Erlend Bolstad, undersøke om pengane kommunen fekk til reetablering av ei kjølevassleidning til Smelteverkstomta i 2015, heller kan brukast på flaumsikring i Oddadalen. Arkivfoto: Synnøve Nyheim

Skal Undersøke: Ordførar Roald Aga Haug skal, etter forslag frå Erlend Bolstad, undersøke om pengane kommunen fekk til reetablering av ei kjølevassleidning til Smelteverkstomta i 2015, heller kan brukast på flaumsikring i Oddadalen. Arkivfoto: Synnøve Nyheim

No skal ordføraren undersøke om staten vil la Odda omdisponere midlane dei har fått til reetablering av ei kjølevassleidning til flaumsikring.

DEL

ODDA [Hardanger Folkeblad]: Både Erlend Bolstad (H) og Terje Kollbotn (R) kom med interpellasjonar i kommunestyremøtet onsdag.

– I kommunestyret er det tverrpolitisk einigheit om at ein må prioritere flaumsikring av Sandvin og Hildal. Tiltak kan vere mellom anna å senke vasstanden i Sandvinsvatnet, ta bort gamle installasjonar frå smelteverket eller gjere utløpet ved Vasstun breiare, sa Bolstad i sin interpellasjon.

Han leverte eit forslag om å omdisponere dei pengane kommunen fekk for fleire år sidan til reetablering av kjøleleidninga frå Sandvinvatnet til Smelteverkstomta, til flaumsikring.

Bolstad var og klar på at det ikkje er kommunestyret, men fagfolk som må komme fram til kva tiltak som kan fungere.

– Dei tiltaka eg har ramsa opp er ting som fleire har sagt er det beste vi kan gjere.

SKL trekker søknaden om kraftverk i Opo 

– Positiv til å greie ut

Ordførar Roald Aga Haug (Ap), lovde å undersøke om forslaget er mogeleg å gjennomføre, men avviste votering.

– Pengane må i utgangspunktet brukast til det dei er løyva til. Det er difor ikkje sikkert at dei kan omdisponerast, men eg skal undersøke om det er mogeleg. Eit eventuelt flaumsikringstiltak må iallfall vere definert og konkret skildra. Eit vedtak om straks å be om omdisponering kan difor føre til at pengane blir trekt tilbake. Eg er positiv til å greie ut dette vidare, men ikkje å leggje til rette for vedtak i dag som kan føre til at vi mistar pengane. Det ville vore uansvarleg. Difor avviser eg votering, sa han.

Det fall i god jord hjå både Bolstad og John Opdal (H).

– Eg er glad for initiativet du har tatt i saka ordførar. Vårt initiativ i dag handlar om at det er midlar vi fekk i 2015, som ikkje er brukt. Om dei ikkje blir brukt til det dei var meint til, må ordføraren trykke på for å få bruke dei til flaumsikring. Vi skal gjere vårt frå partiet si side, sa Opdal.

Ville påverke Stortinget

Terje Kollbotn (R) hadde og levert ein interpellasjon før møtet onsdag. Den gjekk ut på at kommunestyret samla, og partia kvar for seg, skulle presse på mot Stortinget.

– Eg kan ikkje sjå at interpellasjonen inneheld nye moment, difor er det ikkje grunnlag for å votere over den, var svaret ordføraren gav Kollbotn, som heller ikkje fekk støtte av andre.

Artikkeltags