6,7 millionar til Odda smelteverk

Omn 3: Skal etter planen bli integrert i ny kollektivterminal i Odda.

Omn 3: Skal etter planen bli integrert i ny kollektivterminal i Odda. Foto:

Av

Riksantikvaren har no delt ut tilskot på 58 millionar til utvalde tekniske og industrielle kulturminne. Eit av desse er Odda smelteverk og Omn 3 i Odda.

DEL

ODDA [Hardanger Folkeblad]: – Mange industrianlegg er viktige kulturminne. Ny bruk av dei historiske industrianlegga gir nye mogelegheiter, for eksempel innan reiseliv, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

Blant kulturminna som har fått støtte, er Odda smelteverk, som mellom anna får tilskot til istandsetting av trefaseomnen Omn 3. Tilskotet er på 3.962.899 kroner, med tilsegn på 2.758.617 kroner i 2020.

– I Odda står Omn 3 som eit landemerke, sentralt plassert i byen. I år får Odda smelteverk tilskot til istandsetting av trefaseomnen, som i si tid var verdas største og best utstyrte karbidomn. Det ligg føre planar om å integrera Omn 3 i ny kollektivterminal i Odda. Dette prosjektet er eit samarbeid mellom Odda kommune, Hordaland fylkeskommune og Skyss, står det i pressemeldinga.

Tidlegare har Riksantikvaren bidratt til det store istandsettingsprosjektet for «Silo 113», Råcyanamidsiloen ved Odda smelteverk, som blei ferdigstilt i 2018.

Andre som får støtte er Rjukanbanen som skal sikre ferdigstilling av slippen på Tinnoset,  Auli mølle i Akershus, saga i Indre Offerdal i Sogn og Fjordane, og luftfartøyet Gloster Gladiator 423 på Kjeller, der skroget på flyet skal bli sett i stand.

Saka er henta frå Hardanger Folkeblad

Artikkeltags