Her står eit menneske

NYTT MOTIV: Gjennom aktiv skogshogst har Odda kommune fått Norges største stein fram i dagslys – klar for turistses ongen. Hollandske Willy Angenent (bildet), som attpåtil representerer Europas høgaste befolkning, slår fast at dette er brutale greier. FOTO: KAI-INGE MELKERAAEN

NYTT MOTIV: Gjennom aktiv skogshogst har Odda kommune fått Norges største stein fram i dagslys – klar for turistses ongen. Hollandske Willy Angenent (bildet), som attpåtil representerer Europas høgaste befolkning, slår fast at dette er brutale greier. FOTO: KAI-INGE MELKERAAEN Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Sjå, her er eit bilete det ikkje har vore mogeleg å ta på mange, mange år. Norges største stein er framme i dagslys i Odda.

DEL

ODDA: Skipheller er namnet. Mastodonten er noko isen slang frå seg ved Odda stadion då den trakk seg attende for 10.000 år sidan. Skjønt, stadion kom nokre år seinare.

Skipheller skal vera om lag 30 meter høg og har eit volum på 25.000 kubikkmeter, som svarar til noko sånt som 50 husbankhus. Vekta? 65.000 tonn.

Del på Facebook

Kommunesekretær Harald Jordal er ikkje i tvil om at Skipheller er Norges største stein.

– Odda kommune går ut frå dette, og vi er aldri blitt motsagt.

– Han trudde meg ikkje

– Vi ringde til miljøvernavdelingen til Fylkesmannen i Finnmark. Dei blånekta på at det finst så store steinar som lausblokker. Han trudde meg ikkje, men eg lova å leia han forbi dersom han kjem til Odda ein gang, leir Jordal. Poenget med å sjekke Finnmark, var at isen har herja der og. Vestlandet var allereie i boks: Bergens Tidende utropte for nokre år sidan Skipheller til Vestlandets største stein.

– Dersom Skipheller er den største på Vestlandet, så er han og den største i landet. For det finst ikkje breaktivitet som har vore så heftig som i dei indre fjordstrøk på Vestlandet, konkluderer Jordal.

Dermed er saka biff: Odda har den største. Punktum.

Ved havflata

Etter vårens hogst framfor Skipheller (Som er ein del av Odda Camping), vil kommunen slå til med informasjonstavler som seier litt om kva isen dreiv på med for 10.000 år sidan.

Ifølgje eit internt notat Jordal har laga om Skipheller, låg Sandvinsvatnet (88 m.o.h.) tilnærma på den marine grensa for 10.000 år sidan.

Det spesielle med Odda, er at elva ikkje klarte å grave seg ned i endemorena. Den blei ståande att, og gjer området meir autentisk i eit historisk perspektiv.

– Dette er snakk om ei flyttblokk, seier Jordal, som er skråsikker på at dette er ein stein som isen har tatt med seg.

Jordal ser bort frå ikkje at det kan finnast ein laus fjellnakke som er større. Men kolossen i Odda definerer han som ein stein – ei flyttblokk som er blitt plassert der.

– Dersom nokon har ein større stein, må dei bare koma med den.

Artikkeltags