(Hardanger Folkeblad:) Det er varsla ein ny smitta person i Ullensvang onsdag, opplyser kommunen i ei pressemelding.

– Det er avdekka i dag eitt sikkert omikrontilfelle i kommunen blant dei tidlegare meldte smitta. Dette er importsmitte. Det er kjend smitteveg, opplyser ordfører Roald Aga Haug.

Det er grunn til å tro det er fleire tilfeller.

– Ut i frå eigne vurderingar av smittegangen kring det stadfesta omikrontilfellet, er det grunn til å anta at det er fleire tilfeller i kommunen. Kommunen vil oppmoda om å fortsatt vera særs merksame på smittevernreglane, seier Haug.