Ope brev frå beitelaga i Valldalen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet Vedk. "Rullering av regional plan for Hardangervidda 2019-2035".

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Uttale frå beitelaga i Valldalen i samband med anke frå fylkesmennene i Vestfold og Telemark, Vestland og Oslo og Viken når det gjeld fylkesstyra sine vedtak om endra status for Valldalen frå villreinområde til stølsdal.

Underteiknarane representerer beitelaga som har og har hatt beite i Valldalen og tilgrensande dalar i fleire generasjonar. Vi ynskjer difor å fremja våre synspunkt når det gjeld rullering av Regional plan for Hardangervidda som gjeld Valldalregionen. Det gjeld spesielt soneinndelinga mellom villreinssone (sone B) og stølsdal (sone D).

Beitelaga var her den gongen Valldalen var ein svært aktiv stølsdal. Den blei jamvel kalla «Norges vakraste stølsdal». Beitelaga hadde den gongen eit nært og godt samarbeid med dei lokale brukarane som dreiv stølsdrift like inn i Middalen og i nedre del av Slettedalen – Kjømberget. I dei seinare år er det stort sett beitesau frå bygdene ved kysten som har nytta det rike næringsgrunnlaget her.

Vi er difor glad for at dette spesielt er nemnd som bakgrunn og målsetting for rulleringa og viser til at det står at ein skal forvalte område som næringsgrunnlag for levande bygder (Bakgrunn pkt 1.1) og at det skal skapa nærings- og bygdeutvikling samt naturbasert næringsliv og gi rammer for arealbruk som muliggjer lokal næringsutvikling og bolyst. (Målsetting s.7)

Beitelaga meiner vi er med å bidreg til dette ved å nytta naturressursene på ein god og berekraftig måte. Vi ser svært positivt på lokale tiltak i Valldalen. Aktivitet i Valldalregionen opprettheld vegar, bruer og annan infrastruktur som ei moderne næringutvikling er avhengig av. Friluftsliv, jakt og anna ferdsel er til god hjelp når det gjeld tilsyn og når ein skal samla dyra om hausten. Samstundes ynskjer vi at Valldalen igjen kan bli ein aktiv stølsdal der naturressursane kan nyttast til ytterlegare berekraftig matproduksjon av lokalt jordbruk.

Beitelaga stiller seg uforståande til konklusjonen i Konsekvensutredninga. «Meir aktivitet og næringsutvikling vil føra til krav om open veg i større deler av året» seies det som grunn til at ein frårår endring i sonegrensene. Lokalkunnskap tilseier at det ikkje er aktuelt med meir open veg pga rasfare etc. I alle høve er det myndigheitene som regulerer ferdsel på vegen og anna aktivitet. Beitelaga meiner difor at grunngjevinga i Konsekvensutredninga ikkje er gyldig.

Beiting og kalving i Valldalen blir av nokre høyringstilbakemeldingar brukt som grunngjeving for ikkje å endra soneinndelinga. Vi som frå mai/juni til november ferdas jamleg i områda, har sett svært lite til villrein i dalen. Syner også til Terje Skogland sine registreringar gjennom heile året. Jfr fig 15 i NVSrapport 7/2010. Vi meiner difor at dette er eit lite gyldig argument.

Konklusjon:

Beitelaga i Valldalen vil på det sterkaste uttala:

For å kunna fremja næringsutvikling innan lokalt jordbruk og beitebruk, samt å nytta naturressursane på ein god og berekraftig måte, må heile Valldalen på begge sider av vatnet gjerast om til sone D – Stølsdal. Det vil omfatta alle stølane og om lag fylgja tregrensa. Anken frå fylkesmennene må difor ikkje få endra vedtaket som er gjort av dei folkevalde i 3 fylkeskommunar etter ein svært grundig prosess.

Syner elles til innvendingane frå fylkesordførarane i Vestland og Telemark/Vestfold og fylkesråd for plan, klima og miljø i Viken i skriv av 16.11.20.

11.12.2020

Med venleg helsing

Skjold Beitelag Tjødnastøl Beitelag

Ole Andreas Våge sign. Leif Inge Eike sign.

Einride Aakra

Kjømberget og Tungevad Beitelag Skipevåg og Ølmedal beitelag

Bjarte Halsne sign. Egil Schibevåg sign.

Hartvig Waage, sekr.

Tlf 40419107, hawaage@online.no

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken